Dønhaug Gjestegard

NÅR STEMNING OG ATMOSFÆRE ER VIKTIG


www.donhaug.com - www.dønhaug.no - www.låvedans.no

Dønhaug Gjestegard

 

 

 

 Dønhaug Gjestegard ligg på eit gardsbruk like ved sentrum i Uskedalen.

Garden ligg høgt og fritt med panoramautsikt over bygda, fjella, dalen og Hardangerfjorden.

Garden drives som ein gjestegard og tilbyr overnatting i idylliske omgivnader.

Garden er også sentrum for større kulturelle tilstellingar, som konsertar, låvedans og pub-kveldar.

 

 

 

Overnatting frå kr 325

pr person i dobbbeltrom. 

 

 

 

 

Fiske/jakt

 Garden disponerer eigen fiskehøl (Dønhaughølen) til gjestene sine.

Hølen er ein av dei beste fiskehølane i Uskedalselva. Hølen eignar seg og godt til flogefiske. Elva er ei framifrå sjøaure-elv, men har og oppgang av laks.

Garden disponerar jaktrettar for både storvilt og småvilt som i særskilde høve kan leigast ut til gjester.

 

Turstiar og fjellturar

Uskedalsfjella kan by på mange gode turmuligheiter

Her er det merka ulike turstiar og fjellturar i alle kategoriar – alt frå rolege familieturar til krevjande langturar, det er også merka ruter for fjellklatring i Ulvanosi (over 20 klatreruter av varierande vanskegrad)

Sjå kart og info her: http://uskedalen.no/no/sider/Turstiar/